Popular Tags:

Laksecup nr. 5 avlyst søndag 24.januar.

23.01.2016 at 13:44

Det er dessverre ikkje gode nok forhold til å arrangere Laksecup nr 5 på Bygdastølen imorgon. HIL vil prøve å arrangere dette rennet i mars i samband med oppsatt renn på Bygdastølen 19.-20.mars-helga. MEN me arrangerer klubbrenn på Bygdastølen imorgon, så alle lokale løparar og andre som har lyst er […]

Informasjon Laksecup på Bygdastølen

22.01.2016 at 19:43

No finn du oversikt over oppgåver på standplass under fana «Laksecup Bygdastølen» Startlistene er no klar! Sjå under fana «Laksecup Bygdastølen».

Sparebank Vest Karusellen 19.januar

20.01.2016 at 00:03

Tysdag 19.januar arrangerte Hålandsdal Idrettslag karusellrenn i lysløypa på Holdhus. Det var ein flott kveld, med stjerneklart vêr og gode løyper. 77 skiløparar stilte til start. Innsatsen var på topp, og etter rennet var det sjølvsagt varm saft og vaflar. Me håpar på fine forhold og mykje snø på Holdhus […]

Vestlandsmeister-sprint på Voss

17.01.2016 at 19:49

Under VM-sprinten i Herresåsen i dag fekk HIL 3 nye vestlandsmeistrar; Gratulerer så mykje til Ingri Hovland (K17), Ragnhild Femsteinevik (K20-21) og Martin Femsteinevik (M-senior). Guro Femsteinevik vann også sin klasse (J12), men for å få VM-tittel må ein vere 13 år eller meir. Fleire pallplassar: Sarah Eide (J11), Øyvind […]

3 vestlandsmeistrar, 2 sølv og 2 bronse!

16.01.2016 at 23:58

I dag var det samla 215 spreke skiskyttarar til Vestlandsmeisterskap i Herresåsen på Voss. Hålandsdalen Idrettslag fekk heile 3 Vestlandsmeistrar under normalprogrammet laurdag; Hedda Singelstad Kåsa vann klassen jenter 14 år (9 treff), Katarina Aarset vann klassen jenter 16 år (10 treff) og Embrik Børresen vann klassen Menn 17 år […]

Løyper på Bygdastølen

16.01.2016 at 22:47

Det er no køyrd løyper på Bygdastølen. God tur! PS: Mulig å kjøpe årskort for bomveg her på nettsida. Sjå «Bygdastølen ski-og tursenter» / «Parkeringskort Bygdastølen». Bygdastølen 16.januar 2016. Ok forhold, men litt stein her og der…

Løype på Holdhus

15.01.2016 at 19:20

Det er i kveld køyrd løype på Holdhus! Lys fram til kl 21.30. God skitur!

Ragnhild til junior-VM

11.01.2016 at 22:38

HIL gratulerer Ragnhild Femsteinevik med uttak til junior-VM i Romania 27.januar-2.februar. Sjå uttaket på skiskyting.no: her Ragnhild klarde 13.plass og 4.plass i Norgescupen på Lillehammer i helga. Sjå alle resultat frå renna på Lillehammer i helga  her    

Karusellrenn på Holdhus

10.01.2016 at 21:38

Hålandsdal Idrettslag arrangerer skirenn i lysløypa på Holdhus kvar tysdag når vèr-og føreforholda tillèt det. Me hadde håpa på å starte opp 12.januar men det er dessverre ikkje snø i løypa og det fyrste rennet i karusellen utgår. Sjå meir informasjon om karusellrenna under fana «Karusellrenn» øverst på heimesida.

Laksecup på Bygdastølen

06.01.2016 at 18:18

Hålandsdal Idrettslag inviterer til Laksecup nr 5 søndag 24.januar. Sjå invitasjon her: Invitasjon normalprogram 24 jan 2016 (1) Informasjon om renna på Bygdastølen vert etter kvart lagt under overskrifta «Laksecup Bygdastølen» øverst på heimesida.