Om HIL

Hålandsdal Idrettslag vart starta i 1939. Idrettslaget har sin viktigaste aktivitet knytta til skiskyting og har i dag utøvarar frå både Fusa og omengskommunane.

Innanfor skiskyting har HIL organisert aktivitet for utøvarar til og med 16 år. For Juniorar har HIL eit samarbeidsprosjekt med Fusa Vidaregåande skule

Der aktive utøvarar som ynskjer å satse på skiskyting kan kombinere dette med utdanning på Fusa Videregåande skule.

I sesongen 2016 – 2017 hadde HIL om lag 40 aktive utøvarar i ulike alder.

Treninga er delt i to grupper. Ei for 9 – 12 år og ei for 13 – 16 år.

 

HIL organiserer og idrettsskule for elevar på Holdhus Oppvekstsenter og andre aktivitetar som karusellrenn innan langrenn i januar – mars.

All aktivitet i HIL er basert på dugnadsarbeid.