Holdhus rulleskiløype
INSTRUKS FOR HOLDHUS SKYTEBANE FINN DU HER: Instruks Holdhus skytebane for skiskyting
Lysløypa på Holdhus er flittig i bruk, både sommar og vinter.Sommar:
Holdhus rulleskianlegg består av totalt 3 km asfaltert løype og skytebaneanlegg for skiskyting. Rulleskiløypa har trasèar på 0,5 km, 1 km, 2 km og 3 km, alt frå flat og lett løype til lengste trasè som er krevjande. Rulleskiløypa er open for alle, alle dagar. Ein føresetnad for bruk er at du nyttar hjelm ute i løypa.
Skytebaneanlegget kan leigast etter avtale med Hålandsdal idrettslag. Leige kostar kr 50,- pr utøvar/dag. Det er eit krav med godkjent standplassleiar, samt at raudt varselflagg vert nytta under bruk. Anlegget skal alltid ryddast etter leige/bruk.
Velkomen til rulleskitrening og skyting i Norges beste rulleskianlegg.
Kontaktperson for leige/spørsmål: Arild Rød, tlf. 960 94 410























![karusell2011.01.25 (27)[1]](https://usercontent.one/wp/www.haalandsdalil.no/wp-content/uploads/2013/06/karusell2011.01.25-271-82x55.jpg)

