Bygdastølen ski – og tursenter

Løypekart Bygdastølen finn du her: Løypekart Bygdastølen

 

http://www.fusaoppvekstsenter.no/WP/wordpress/wp-content/uploads/2013/06/cropped-mobilfebr13-729.jpg

Bygdastølen er ein idyllisk og godt gøymd stad i Hålandsdalen i Fusa kommune. Etter gamalt har bøndene i Hålandsdalen hatt sauer og kyr på beite her. Bygdastølen er eit sjeldant flott utgangspunkt for turar i fjellheimen heile året. Det er likevel om vinteren at Bygdastølen verkeleg kjem til sin rett. Hålandsdal idrettslag har laga eit kjempeflott skianlegg her. Det er preparert 5 kilometer med løyper her i tillegg til standplass for skiskyting med heile 30 blinkar, noko som er like mange som i verdscupen. Det vert arrangert krinsmeisterskap her kvart år. Om vinteren er det alltid mykje meir snø her enn i lågareliggjande delar av Fusa, som nede ved Eikelandsfjorden. Difor opnar løypene vanlegvis relativt tidleg. I vintersesongen mellom jul og påske vert alle løypene preparert kvar einaste dag. Frå parkeringsplassen er det om vinteren skiløype opp til skiskytaranlegget og konkurranseløypene. Alle løypene er lysløyper, og i vintersesongen kan ein ha lys i løypene fram til kl 21.30 kvar dag fram mot påske.
Ankomst: Frå hovudvegen tek du inn ved Holdhus skule. Skulen har også skiskytaranlegg og lysløyper; kor mange oppvekstsenter kan skilta med det? Etter eit par hundre meter tek du til venstre inn mot Hammarland, forbi gamle Holdhus kyrkje og Hålandsdalen leirskule. Fylg vegen heilt til endes. Den øvre delen av den i alt 5 km lange strekninga er verdt turen i seg sjølv, med ei majestetisk utsikt. Parker bilen og ta beina / skia fatt oppover til stadion.