Bli medlem!

Hålandsdal idrettslag har eit høgt aktivitetsnivå med gode tilbod til både aktive utøvarar og  ski- og turglade folk.

Idrettslaget har bygd flotte skianlegg med skytebane på Holdhus og på Bygdastølen. Løypene er til for dei som trenar aktivt og for alle andre som er glade i å koma seg ut i naturen å gå på ski. Løypene på Bygdastølen er eit flott utgangspunkt  for turar til Holdhusstølen, Øykjafjellet, Heihillerhornet og Ottanosi, alt etter kva utfordringar ein ønskjer.

På Bygdastølen har idrettslaget siste åra lagt ned mykje innsats i eit område for allsidig skileik. Det er lys i både løypene og skileikområdet på Bygdastølen. Varmestova/lavvoen  er også open for alle, her kan ein gå inn å fyra i ovnen og varma seg.

Største aktiviteten til idrettslaget er skiskyting og me har over 60 aktive utøvarar frå 8 år og opp til seniornivå. 

I Hålandsdalen er me så heldige at me har fantastiske muligheter for fjellturar. Idrettslaget har plassert ut bøker på fleire fjelltoppar og håpar dette  skal inspirera folk til å gå på tur. Til neste år vil me også prøva å trekkja nokre premiar til dei som har skrive seg i turbøkene.

Me ønskjer at flest mogleg skal kjenna til tilboda som idrettslaget har og me håpar at folk i heile kommunen skal få glede og nytte av dei flotte aktivitetane som HIL legg til rette for.

Å nytta seg av skiløypene kostar ikkje meir enn avgifta på bomvegen til Bygdastølen. Bruk av løypene på Holdhus er også gratis.

Samtidig ønskjer me i HIL sjølvsagt at så mange som mogeleg ønskjer å vera medlem i idrettslaget, derfor håpar me at DU også vil bli medlem!

For aktive utøvarar skal familien til dei som er under 16 år vera familiemedlem, mens alle over 16 år skal vera enkeltmedlem.

Helsing styret i HIL.

Bli medlem i Hålandsdal IL

 

Verifisering