Sparebank Vest Karusellen 19.januar

20.01.2016 at 00:03

Tysdag 19.januar arrangerte Hålandsdal Idrettslag karusellrenn i lysløypa på Holdhus. Det var ein flott kveld, med stjerneklart vêr og gode løyper. 77 skiløparar stilte til start. Innsatsen var på topp, og etter rennet var det sjølvsagt varm saft og vaflar. Me håpar på fine forhold og mykje snø på Holdhus i vinter. Dei som går 3 renn eller meir i løpet av sesongen får premie etter at karusellsesongen er over. Sjå resultatlista her: Karusellrenn 19.01.16