3 vestlandsmeistrar, 2 sølv og 2 bronse!

16.01.2016 at 23:58

I dag var det samla 215 spreke skiskyttarar til Vestlandsmeisterskap i Herresåsen på Voss. Hålandsdalen Idrettslag fekk heile 3 Vestlandsmeistrar under normalprogrammet laurdag; Hedda Singelstad Kåsa vann klassen jenter 14 år (9 treff), Katarina Aarset vann klassen jenter 16 år (10 treff) og Embrik Børresen vann klassen Menn 17 år (17 treff). Gratulerer så mykje til vinnarane!!!  Maria Haugse Rød (J 15) og Guro Femsteinevik (J12) gjekk inn til 2.plass i sine klassar. Eirik Hjartnes (G14) og Ingri Hovland (Kvinner 17) sikra seg kvar sin bronsemedalje i meisterskapet. Det var i alt 32 utøvarar frå HIL og alle gjorde ein super innsats. For alle resultat sjå arrangøren si heimeside her . Bilder frå ein strålande dag på Voss ser du her: 


v2
Vinnarane Katarina, Hedda og Embrik!