Flott innsats på karusellrenn nr.1

06.01.2015 at 22:56

72 tøffe skiløparar stilte til start i årets fyrste renn i Sparebank Vest Karusellen på Holdhus. Litt regn la ingen dempar på stemninga. Det var ikkje optimale forhold, men humøret var på topp og farten var stor.  Det var lenge sidan sist karusellrenn og det kan ha snike seg inn […]

Sparebanken Vest-karusellen 2015

04.01.2015 at 21:08

Hålandsdal Idrettslag startar opp med nye skirenn i lysløypa på Holdhus. Så lenge vèrforholda tillèt det vert det karusellrenn kvar tysdag framover. Påmelding frå klokka 17.30. Start straks etter at påmeldinga er avslutta kl 18.15. Renn kan bli avlyst på kort varsel. Ei avlysning vil bli varsla på heimesida. Følg […]

Gode Norgescupløp i Orkdal

04.01.2015 at 20:25

Martin Femsteinevik skaut berre ein bom i dag, og gjekk inn til 4.plass på sprinten i Norgescupen for juniorar i dag. Han går i klassen Menn 20-21 år. Heidi Berlandstveit, som går Norgescup for seniorar, skaut også 9 treff. Det heldt til ein flott 2.plass i klassen Kvinner Senior. Gratulerer […]

Juniorcup i Orkdal

03.01.2015 at 20:27

Det var ruskete forhold under fellesstarten i Juniorcupen i dag. Ragnhild Femsteinevik og Ingvild Berlandstveit i klassen Kvinner 20-21 klarde likevel å gå flotte løp og kom inn på høvesvis 6. og 8.plass. For alle resultat sjå arrangøren si heimeside: http://www.orkdal-il.no/norgescup-2015 . I morgon er det sprint og nye mogelegheiter. Heia HIL!