Sparebanken Vest-karusellen 2015

04.01.2015 at 21:08

Hålandsdal Idrettslag startar opp med nye skirenn i lysløypa på Holdhus. Så lenge vèrforholda tillèt det vert det karusellrenn kvar tysdag framover. Påmelding frå klokka 17.30. Start straks etter at påmeldinga er avslutta kl 18.15. Renn kan bli avlyst på kort varsel. Ei avlysning vil bli varsla på heimesida. Følg med!

lysløypa 4.jan 2015

 

Løypelengder:
Frå 0 år t.o.m. 1.klasse: 500 meter
2. og 3.klasse: 2 x 500 meter
4. og 5. klasse: 1 km
6. og 7. klasse: 2.km
8. klasse: 3 km eller lengre

Premie etter sesongslutt for for dei som går 3 renn eller meir.

Kr. 50 pr utøvar

Sal av vaflar