Flott innsats på karusellrenn nr.1

06.01.2015 at 22:56

72 tøffe skiløparar stilte til start i årets fyrste renn i Sparebank Vest Karusellen på Holdhus. Litt regn la ingen dempar på stemninga. Det var ikkje optimale forhold, men humøret var på topp og farten var stor.  Det var lenge sidan sist karusellrenn og det kan ha snike seg inn feil vedr tidtaking, sjølv om arrangør meiner at det meste no er rett. Me håper på meir snø og renn kvar tysdag framover. Skirenn kombinert med varm saft og vafler er kjekt! Resultatlista finn du her: Sparebank Vest Karusellen 2015 renn nr 1.