Popular Tags:

Resultat Sprint LM

12.02.2017 at 15:11

Resultat LM-SPRINT søndag: LM Vest Sprint SkiSkyting Resultatliste12_02_2017_14_18_54 Skyteresultat LM-SPRINT søndag: skyteresultat sprint LM

Vestlandsmeistrar

11.02.2017 at 22:27

I dag fekk HIL 2 Vestlandsmeistrar i 13-årsklassen; Kristi Skjelbreid Gjelland i jenteklassen og Anders Rød i guteklassen. Gratulerer så mykje! Katarina Aarseth som går i juniorklassen Kvinner 17 år og Bjarte Solvang i klassen Menn Senior klarde også gull i dag. Otto Femsteinevik kapra ein fin sølvmedalje i klassen […]

Resultat Normal LM

11.02.2017 at 16:17

Resultat frå dagens LM normalprogram: SkiSkyting_Resultatliste11_02_2017_15_50_59 Skyteresultat: LM Vest skyteresulatater Normal

LM i Herresåsen

07.02.2017 at 21:58

Takka vere kuldegrader og fint vêr er det no heilt sikkert at landsdelsmeisterskap i skiskyting vert arrangert på Voss ski -og tursenter 11. og 12. februar. Program og tidspunkt for innskyting og rennstart vert i samsvar med invitasjon som er sendt ut tidlegare. Velkomen til Herresåsen. invitasjon sendt ut tidlegare: invitasjon-lm-2017

Gode løp også søndag

05.02.2017 at 23:49

Kvalfoss-sprinten: I dag var det Anders Rød som gjorde det aller best av HIL-gjengen i Holmenkollen. Han skaut 7 treff, gjekk raskt i sporet og suste inn til ein flott 8.plass i klassen Gutar 13 år. Guro Femsteinevik fekk litt fleire bom i dag enn i går men klarde likevel […]

Flotte HIL-prestasjonar i Kollen

04.02.2017 at 23:59

Denne helga er det Kvalfoss-sprinten i Oslo og 13-16-åringar frå heile landet har gått sprint i Holmenkollen i dag. Og HIL har gjort det veldig bra! Guro Femsteinevik kapra 3.plassen i klassen J13. Hedda S Kåsa (J15) og Eirik Hjartnes (G15) kom på sterke 4.plassar i sine klassar. Kristi S […]

Flytting av Landsdelsmeisterskap

31.01.2017 at 23:05

Pga snømangel på Bygdastølen må LM i skiskyting 2017 flyttast til Voss. Heldigvis er det kome litt snø i Herresåsen og me håper på gode forhold i Voss ski – og tursenter neste helg. Meir informasjon om LM kjem. Følg med på heimesida! Hålandsdal Idrettslag.

Gode resultat NM/NC i Holmenkollen

27.01.2017 at 23:57

HOLMENKOLLEN fredag: Gratulerer til Katarina Aarseth som kom på 6.plass i sitt første junior-NM. Strålande resultat også for Bjarte Solvang som kom på 6.plass og Ragnhild Femsteinevik som kom på 7.plass i NC-RENNET for senior. Laurdag vart det også gode HIL-resultat: Bjarte Solvang kom på 10.plass på NM-normalen, Ragnhild Femsteinevik […]

KM Fellesstart i Kvam

22.01.2017 at 22:00

I dag var det KM fellestart for utøvarar frå 13 år og oppover. Det vart mange spennande duellar, og av 13-16-åringane var det 4 HIL-utøvarar som vart krinsmeistrar. Det var Guro Femsteinevik (J13), Hedda Singelstad Kåsa (J15), Eirik Hjartnes (G15) og Otto Femsteinevik (G16). I tillegg vann Andreas Aarseth (G11) […]

2 diamantar

21.01.2017 at 23:35

Denne helga er det GlaLaksCup nr 5 og 6 på Sjusete i Kvam. Under sprinten laurdag stilte HIL med heile 37 utøvarar. 2 av dei vann diamant for 2 fulle hus; det var Ingrid Hansen (J15) og Maria Haugse Rød (J16). 10 HIL-utøvarar vann sin klasse: Eirik Rød (G11), Bjørg […]