Gode løp også søndag

05.02.2017 at 23:49

Kvalfoss-sprinten: I dag var det Anders Rød som gjorde det aller best av HIL-gjengen i Holmenkollen. Han skaut 7 treff, gjekk raskt i sporet og suste inn til ein flott 8.plass i klassen Gutar 13 år. Guro Femsteinevik fekk litt fleire bom i dag enn i går men klarde likevel 10.plassen i klassen Jenter 13. Stine H Halvorsen gjorde også eit flott løp. Med 7 treff og god fart heldt det til ein 20.plass i same klassen som Guro.
For alle resultat sjå: http://www.kvalfoss-sprinten.no/

Her ser de litt bilder frå ei kjekk helg i Oslo: