KM Fellesstart i Kvam

22.01.2017 at 22:00

I dag var det KM fellestart for utøvarar frå 13 år og oppover. Det vart mange spennande duellar, og av 13-16-åringane var det 4 HIL-utøvarar som vart krinsmeistrar. Det var Guro Femsteinevik (J13), Hedda Singelstad Kåsa (J15), Eirik Hjartnes (G15) og Otto Femsteinevik (G16). I tillegg vann Andreas Aarseth (G11) og Sarah Øygard Eide (J12). Solveig Eikeland Gjøen (J13), Øyvind Halvorsen (G15) og Maria Haugse Rød (J16) kapra kvar sin sølvmedalje og Kristoffer Haugse Rød klarde bronsen i klassen Gutar 13 år. I junior – og seniorklassane var det få utøvarar i dag men dei som stilte til start fekk ein god gjennomkøyring føre NM/NC i Holmenkollen neste helg.
Sjå resultat frå dagens renn her