Populære stikkord:

NorgesCup Lygna 7.-8.desember

15.12.2013 på 22:45

Sist helg (7.-8.desember) var juniorane våre på sesongens fyrste NorgesCup (Statkraft Junior Cup 1). Mange gode løp og prestasjonar. Sjå resultatliste her http://www.lygna-skisenter.no/nc2013/resultater.htm

Bra HIL-innsats på Geilo

25.11.2013 på 00:08

I helga var det Sparebank 1 Cup på Geilo. Dette rennet er for mange av 13-21-åringane det fyrste rennet for sesongen. Det var nydeleg vèr og gode forhold, trass ein del vind. For HIL sine juniorar kan me nemne at Ingvild Berlandstveit gjekk heilt til topps og Thomas Netland vart nr.2 i […]

Sesongstart på Sjusjøen

16.11.2013 på 19:27

Endeleg er skiskyttarsesongen i gong att. Martin Femsteinevik gjorde det nest best av dei norske juniorane som deltok på Sjusjøen i dag. Han fekk 3 bom men var likevel berre 2 min og 42 sekund bak vinnaren Emil Hegle Svendsen. Martin gjekk veldig godt i sporet! Lykke til på fellesstarten i morgon. Sjå arrangøren […]

Snøsamling er kjekt!

11.11.2013 på 00:07

HIL var i helga på den årlege snøsamlinga på Geilo. Det er alltid stor stas å få gå på ski etter mange månader med trening på asfalt og i skog og mark. Det var nydelege forhold og det vart gjennomført 4 gode økter på ski. Skytinga var også bra, og […]

Klubbkveld på Mo Sport

07.11.2013 på 18:06

Hålandsdal Idrettslag er invitert til klubbkveld på Mo Sport Norheimsund , torsdag 14.november kl 18.00-20.00. Kjempegode tilbod! Sjå invitasjonen her: Klubbkveld Nordisk

Kretssamling i Myrkdalen

07.11.2013 på 17:59

Fyrste renn i Sport 1 Cup vert arrangert av Eldar den 15.desember i Myrkdalen. I den samanheng arrangerer kretsen samling for 13-16-åringane i Myrkdalen/på Helgatun. Sjå invitasjon her: HSSK-kretssamlingdesember2013

Hålandsdalen snart klar for vinteren

29.10.2013 på 23:21

Mykje har skjedd i Hålandsdalen i sommar. Blant anna har snøleikeutstyret på Bygdastølen fått seg ei ny hytte og tidtakarbua er beisa. Det er kome autovern frå Solvang til parkeringsplassen. Det er bra, då kan me køyre trygt. På Holdhus er svingen i lysløypa betre tilpassa og det er blitt rydda for buskar […]

Terminlister

13.10.2013 på 11:18

Endeleg er terminlistene 13/14  klare! Sjå under ARRANGEMENT og deretter TERMINLISTE for oppdaterte terminlister for skiskyting og langrenn.

Revidert treningsliste Skiskyttergruppa 9-12 år

13.10.2013 på 10:28

Under overskrifta trening øverst på heimesida finn de no revidert treningsliste for Skiskyttargruppe 9-12år. Endringa går ut på at rulleskiturar er erstatta av fjellturar. Fjellturane er planlagd slik at dei skal passe for heile gruppa 9-12 år.

Treningstur til Øykjafjellet

23.09.2013 på 06:02

16 sprekingar var med på treningstur til Øykjafjellet søndag. Turleiar Ståle Rød melder om ein blid og engasjert gjeng som trives på tur. Fjellturar er ein super måte å lade opp til sesongen på. På programmet til 9-12-åringane framover er det mange gode økter i tillegg til kombinasjonstrening på onsdagar. HIL […]