Popular Tags:

NM / NC på Lygna

14.03.2021 at 23:47

Endelig fekk klassen menn og kvinner 20-22 år gå nasjonalt renn. I helga var det NM i sprint og normal på Lygna skisenter i Gran kommune. Gratulerer til Maria Haugse Rød med flotte resultat! Ho kom på 14. plass på normalprogrammet og 28.plass på sprint.  Seniorklassane gjekk Norgescup på Lygna. […]

Vestlandsmeisterskap i skiskyting på Voss

07.03.2021 at 22:36

Voss skiskyttarlag arrangerte i helga Vestlandsmeisterskap i skiskyting, og heile 7 HIL-utøvarar vann sine klassar. Gratulerer til Ingeborg Henanger Halvorsen (J13), Ingri Skjelbreid Gjelland (J14), Bjørg Marit Eide (J15), Guro Femsteinevik (K17), Kristoffer Haugse Rød (M17), Thomas Aarseth (M17) og Maria Haugse Rød med å bli VESTLANDSMEISTER!  Fullstendig liste over […]

Lykke til i verdenscup Ragnhild!

05.03.2021 at 21:46

Nove Mesto, Tsjekkia: Som belønning for gode resultat før i vinter er Ragnhild Femsteinevik (frå Hålandsdal Idrettslag!) no med i verdenscupen! Og som ho sjølv skriv: I morgon skjer verdenscup! Følg med på NRK lørdag frå 11:00, startnr 98🤞🏼 HIL gratulerer med verdenscup-deltaking og ønsker masse lykke til! Me heier på […]

Renn på Bygdastølen avlyst

26.02.2021 at 08:25

HIL hadde planlagt kretsrenn i skiskyting komande helg, men renna er dessverre avlyst. Regnet har øydelagt løypene.  HIL

Ragnhild med pallplass i Europa-Cup!

22.02.2021 at 18:54

IBU-cuprenn i skiskyting i slovenske Brezno-Osrblie: Ragnhild Femsteinevik har gjort det veldig bra denne vinteren! I Europa-cup i Slovenia i helga var ho klart best av dei norske jentene og toppa det heile med ein flott 3.plass på jaktstarten søndag. Strålande! HIL gratulerer!  

Klubbrenn i strålande sol

07.02.2021 at 22:59

HIL arrangerte eit flott klubbrenn på Bygdastølen i dag. Fantastiske vér og god stemning! Kjekt at me har så fine forhold for uteaktivitet i Hålandsdalen.  Håper mange nyttar dei fine løypene på Bygdastølen og Holdhus i dagane som kjem. Hugs berre å halde god avstand (jfr smittevernreglane). Spreke utøvarar frå […]

Fine forhold også på Holdhus

24.01.2021 at 21:14

Søndag kveld har ein fått fresa og køyrd skiløypa på Holdhus, så no er det fine forhold også der.  Me går ei flott vinterveke i møte; Fint vèr og flotte skiforhold både på Bygdastølen og på Holdhus.  God tur! 🙂  (arkivfoto av løypa på Holdhus) HIL

Status løyper på Bygdastølen

22.01.2021 at 21:11

På grunn av mildvér og regn dei siste dagane vert det ikkje kjørt løyper på Bygdastølen fredag. Dette for å spara den gode snøsålen. Løypene blir kjørt igjen så snart vér – og føreforhold tillater det.

Klubbrenn på Bygdastølen

17.01.2021 at 17:51

Pga korona er mange skiskyttarrenn avlyst denne vinteren. Men i Hålandsdal Idrettslag er det god aktivitet og søndag vart det arrangert klubbrenn på Bygdastølen.  27 spreke HIL-utøvarar deltok og det vart ein super konkurransedag ved det flotte skiskyttaranlegget.     

Det vert ikkje karusellrenn i år

11.01.2021 at 16:12

På grunn av restriksjonar i høve smittevern  kan HIL dessverre ikkje arrangere karusellrenn på Holdhus denne vinteren. Men den gode nyheten er at det er mykje snø og fine forhold for å gå på ski både på Holdhus og på Bygdastølen. Finn fram skia og ta deg ein tur i […]