Strålande resultat!

09.01.2022 at 21:12

Seniorløpar Ragnhild gjorde det svært bra i IBU-cup i Osrblie i Slovakia i helga; 1.plass laurdag og 2.plass søndag er fantastiske resultat i denne tøffe europa-cupen, og sjansene for snarleg verdens-cup-deltaking er god!

Lillesøster Guro (Kvinner 18) gjekk Norgescup på Østre Toten i helga, og ho vann både sprinten og fellesstarten der. Med slike flotte resultat er det stor sjanse for at den unge skiskyttaren frå HIL kjem seg til junior-VM.

Gratulerer så mykje til supersøstrene!

Gratulerer også til Kristoffer Haugse Rød (Menn 18) som gjekk inn til ein flott 9.plass i Norgescup-sprinten laurdag. Thomas Aarseth hadde også ei god helg, med 2 solide 20.plassar i klassen Menn 18 år. På Toten var også Marcus Andreassen med, han gjorde ein flott fellesstart søndag og kom på 41.plass i klassen Menn 17år.

Seniorløpar Martin Femsteinevik gjekk Norges-cup i Os i Østerdalen i helga; 3.plass på sprinten søndag og 5.plass på fellesstarten laurdag kvalifiserer Martin for IBU-cup! Gratulerer så mykje!

20-åringane Eirik Hjartnes og Øyvind Halvorsen gjekk også Norgescup i Østerdalen og gjorde gode løp i 20-22-års-klassen.

Heia HIL!

For alle resultat, sjå https://www.eqtiming.no/