Popular Tags:

Flott innsats i World Cup

30.11.2016 at 23:56

Under dagens normalprogram i Östersund gjorde Ragnhild Femsteinevik ein solid innsats. Ho gjekk inn til ein fin 57.plass, nest best av dei norske jentene. Gratulerer! Me håper å sjå deg på tv også til helga!  

Ragnhild til World Cup

28.11.2016 at 17:08

På grunnlag av godt resultat i IBU-cupen på Beitostølen er Ragnhild Femsteinevik no teken ut til å gå World Cup i Östersund, 30.nov-4.des. GRATULERER! Fantastisk kjekt for Ragnhild og alle oss i Hålandsdal Idrettslag. Me skal følge med på skjermen og heie!

Siger til Martin på Geilo

27.11.2016 at 10:09

Under dagens fellesstart i Norges-cupen vann Martin Femsteinevik! Han gjekk eit strålande løp; 18 treff og god fart i sporet. Gratulerer så mykje! Bjarte Solvang gjekk også ein god fellesstart og sikra seg til slutt 8.plassen. Fantastiske resultat av HIL-seniorane! Dette gir motivasjon for dei yngre løparane som skal ut […]

Flotte HIL-prestasjonar på Geilo

26.11.2016 at 23:01

Denne helga er det DNB-cup for senior og Sparebank-cup for junior og rekrutt på Geilo, og skiskyttarane frå HIL gjer det godt. Martin Femsteinevik gjekk eit bra løp og suste inn til 6.plass på dagens sprint. Bjarte Solvang fekk eit par bom meir enn Martin, men klarde ein fin 14.plass. […]

Gratulerer Ragnhild!

25.11.2016 at 21:18

Ragnhild Femsteinevik gjekk inn til ein knallsterk 6. plass under IBU-cupen på Beitostølen i dag. Ragnhild var best av dei norske utøvarane, og kun 3,7 sekund frå 3. Plass og kun 16,6 sekund bak 1. plass. Gratulerer Ragnhild!

Redigert terminliste

20.11.2016 at 11:28

Redigert terminliste for 2016/2017 er no lagt ut under «Arrangement» / «Terminliste».

Klubbkveld på Mo Sport

13.11.2016 at 23:26

Mo Sport inviterer til Klubbkveld torsdag 24/11 klokka 17.00 – 19.00. Medlemmar av HIL er då invitert til Mo Sport for å få prøve og kjøpe utstyr. Vedlagt ligg ei liste med prisar frå Mo Sport;  klubbkveld-nordisk-2016   I tillegg vil me oppfordre dei som har vore aktive og har […]

Prøving og bestilling av HIL-klede

13.11.2016 at 23:22

Det vert prøving og bestilling av HIL-klede på Holdhus onsdag 16.november kl 17.30. Dersom de ikkje kan møte på onsdag, ta direkte kontakt med Arild Rød.

God sesongopning på Sjusjøen

13.11.2016 at 23:07

Under sesongopning for senior på Sjusjøen i helga gjorde HIL-utøvarane mange gode renn. Aller best gjekk det med Martin Femsteinevik som under søndagens fellesstart skaut 19 treff og kom på ein sterk 17.plass, berre 2,23 bak Simon Fourcade frå Frankriket. Ragnhild Femsteinevik hadde også gode løp. Ho vart nr 21 på […]

Kjekk samling på Geilo

13.11.2016 at 22:40

Tradisjonen tru så er 13-16-åringane i HIL på snøsamling på Geilo ei helg i november. I år var det fantastiske forhold under samlinga og gjengen fekk gå mykje  på ski. No gleder dei unge skiskyttarane seg til sesongen starter! Fyrste lokale renn er Gla´laks-cup 1 i Myrkdalen søndag 18. desember. […]