Flotte HIL-prestasjonar på Geilo

26.11.2016 at 23:01

Denne helga er det DNB-cup for senior og Sparebank-cup for junior og rekrutt på Geilo, og skiskyttarane frå HIL gjer det godt. Martin Femsteinevik gjekk eit bra løp og suste inn til 6.plass på dagens sprint. Bjarte Solvang fekk eit par bom meir enn Martin, men klarde ein fin 14.plass. I seniorklassen for menn var det 80 deltakarar laurdag. I kvinneklassen gjekk Heidi Berlandstveit eit godt løp. Ho vart nr 8 med 7 treff på sprinten i klassen Kvinner Senior.
Fyrsteårsjunior Katarina Aarseth gjekk også eit supert løp laurdag. Ho skaut 8 treff og kom på ein strålande 2.plass. Gratulerer!
I rekruttklassane vart det også gode HIL-resultat. Guro Femsteinevik gjekk inn til 2.plass i klassen Jenter 13 år. Eirik Hjartnes kom på 3.plass i klassen G15. Kristoffer Haugse Rød skaut 8 treff, og kom på 4.plass i G-13-klassen. Også mange andre gode HIL-løp. Gratulerer med flott innsats alle saman!

Resultat Sprint laurdag: Menn Senior: her Kvinner Senior: her Junior og rekrutt: her

fot6fa9Katarina på premieutdeling etter at ho kom i mål som nr. 2 i klassen K17.

Under søndagens fellesstart på Geilo vart det enda fleire pallplasseringar for HIL;
Guro Femsteinevik og Eirik Hjartnes gjekk inn til 2.plass i sine klassar.
Hedda Singelstad Kåsa klarde 3.plassen i sin klasse J 15 år. Gratulerer!
Juniorane gjorde også gode løp.
Sjå resultat frå søndagens fellesstart her: her

img_2900 img_2904
3.plass til Hedda og 2.plass til Eirik søndag.