Avlyst karusellrenn tysdag 16.januar
Det er gjort eit forsøk på å kjøra løype på Holdhus utan hell. Me treng fremdeles litt meira snø på Holdhus for å kunna arrangera karusellrenn. Rennet tysdag 16.januar lyt derfor avlysast.
Det er gjort eit forsøk på å kjøra løype på Holdhus utan hell. Me treng fremdeles litt meira snø på Holdhus for å kunna arrangera karusellrenn. Rennet tysdag 16.januar lyt derfor avlysast.
Invitasjon til Gla’laks cup 5 og 6 i Vik 20.-21.januar finn du her: Innbyding Gla_Laks Cup 5 og 6 2018_Vik Invitasjon til LM på Harpefossen, Stårheim 17.-18.februar finn du her: Invitasjon LM Stårheim 2018 Alle invitasjonar ligg også under Arrangement / Invitasjonar.
Det vart ein strålande dag for Hålandsdalen Idrettslag på Sjusete i dag. Heile 34 av utøvarane på Gla’laks cup nr 4 var frå HIL og 11 HIL-utøvarar vann sin klasse. 6 HIL-utøvarar skaut 10 treff og fekk diamant. Gratulerer til vinnarane: Alexander Åsvang Rød (G11), Ingri S Gjelland (J11), Bjørg […]
Det var ein flott dag på Sjusete i dag! Kvam arrangerte tredje rennet i Laksecupen, og det var normal som stod på programmet. 4 HIL-arar gjekk heilt til topps; Gratulerer til Guro Femsteinevik (J14), Hedda S Kåsa (J16), Eirik Hjartnes (G16) og Maria H Rød (K17). Maria imponerte med 20 […]
Påmeldinga opnar tysdag 16. januar 2018 kl 10.00. Les meir om påmelding til Liatoppen Skiskytterfestival her: http://liatoppenskiskytterfestival.no/pamelding/viktig_info_for_pamelding/
13-16: Plan/oversikt over treningar og renn for våren 2018 finn du her: Kopi av Kopi-av-Treningsplan_EldreRekrutt_Vår_2018_ Dette er eit utgangspunkt, det kan bli endringar, følg med på Spond! PS: Planen ligg også fast under fana «Trening» / «Gruppe 13-16».
Laurdag og søndag, 13. – 14. januar 2018 er det skiskyttarrenn på Sjusete, Kvam. Invitasjon her: 2018_renninnbjoding gla_laks cup nr 3 og 4 sjusete_kvam lsk. Påmelding på www.eqtiming.no, frist torsdag 11. januar kl. 23:59. PS: Invitasjonar vert også alltid lagt inn under fana»Arrangement»/»Invitasjonar».
Denne helga har det vore Norgescup på Lygna, og 9 HIL-skiskyttarar deltok på normalprogrammet laurdag og sprinten søndag. Senior: Gratulerer så mykje til Martin Femsteinevik som suste inn til 2.plass og Ragnhild Femsteinevik som klarde 3.plassen på sprinten søndag! Bra løp også av Bjarte Solvang som kom på 14.plass søndag […]
Det er fine vinterdagar og flotte forhold på Bygdastølen. Du kan sjekke når løypene vart preparert sist på loyper.net https://loyper.net/ . Passar det med ein skitur om kvelden kan lysa setjast på manuelt med brytar ved starten av løypa og oppe ved stadion. Lysa slår seg automatisk av kl 21.30. God tur! […]
Du kan bestilla årskort for vegen til Bygdastølen her på nettsida. Gå til fana «Bygdastølen ski-og tursenter» / «Parkeringskort Bygdastølen» øverst på sida. Der finn du informasjon om korleis ein går fram. Prisar 2018: Årskort: kr. 750,- Pris per ekstra bil: kr. 100,-. Dagskort kostar kr. 50,- og kan kjøpast […]