Siger til Guro, Hedda, Eirik og Maria på Sjusete

13.01.2018 at 20:47

Det var ein flott dag på Sjusete i dag! Kvam arrangerte tredje rennet i Laksecupen, og det var normal som stod på programmet. 4 HIL-arar gjekk heilt til topps; Gratulerer til Guro Femsteinevik (J14), Hedda S Kåsa (J16), Eirik Hjartnes (G16) og Maria H Rød (K17). Maria imponerte med 20 treff! Fantastisk prestasjon i sin fyrste sesong som juniorløpar, og diamant var vel fortjent!
Gratulerer også til Alexander Å Rød (G11), Andreas Aarseth (G12), Ingri S Gjelland (J11), Marcus Andreassen (G13) og Katarina Aarseth (K18) med 2.plass,
og Kristoffer H Rød (G14) og Kristi S Gjelland (J14) med 3.plass.
I dag var det heile 31 spreke HIL-utøvarar som stilte til start på krinsrenn. Me er utruleg stolt av kvar og ein av dei! I morgon er det sprint på Sjusete. Me gleder oss og ynskjer alle riktig lykke til!

Resultatliste laurdag: http://www.sjusete.com/wordpress/wp-content/uploads/2018/01/RESULT-4.htm