Sport 1 Cup nr. 1

15.12.2013 at 23:50
Vinnarane Maria, Otto, Katarina og Håvard.

Vinnarane Maria, Otto, Katarina og Håvard.

Då var sesongen endeleg i gong for Sport 1 Cup og lokale renn. Denne fyrste runden i cupen var i Myrkdalen. 26 av HIL sine utøvarar stilte til start i dag, søndag 15.desember. Dei gjorde det svært godt. Heile 6 stk gjekk heilt til topps og vann sin klasse. På bilde ser de 4 av HIL-vinnarane i dag; Maria Haugse Rød, Otto Femsteinevik, Katarina Aarseth og Håvard Bjørndal. Ragnhild Femsteinevik og Anette Berlandstveit vann også. Eirik Hjartnes, Erlend Solvang og Håvard Hjartnes vart nr. 2 i sine klassar og Martin Dale vart nr 3 i sin klasse. Det var svært gode løp også av dei andre HIL-løparane og det kan sjå ut som god trening denne hausten gjev gode resultat. Me gledar oss til fortsettelsen og håpar på snø i Hålandsdalen før jul. For alle resultat frå dagens renn sjå her: Kopi av ResultatlisteSport1Cup1_2013