Hålandsdalen snart klar for vinteren

29.10.2013 at 23:21

Mykje har skjedd i Hålandsdalen i sommar. Blant anna har snøleikeutstyret på Bygdastølen fått seg ei ny hytte og tidtakarbua er beisa. Det er kome autovern frå Solvang til parkeringsplassen. Det er bra, då kan me køyre trygt. På Holdhus er svingen i lysløypa betre tilpassa og det er blitt rydda for buskar som vaks innover løypa. Takk så mykje til alle dei som står på og legg til rette for god aktivitet i bygda/kommunen vår! Det er over 60 aktive skiskyttarar i HIL denne hausten. No håpar dei og alle me andre som nyttar dei flotte anlegga i Hålandsdalen på ein kvit vinter med mykje god vinteraktivitet.