Flott skiskyttersamling i Hålandsdalen

06.10.2019 at 20:20

Denne helga har HIL arrangert treningssamling for Hordaland Skiskyttarkrets og Team Gla’laks. 54 unge skiskyttarar (13-20 år) frå Hordaland og Vik har vore med. Det har vore mange gode treningsøkter for dei ulike gruppene m.a.  skytetrening og rulleskiøkter på Holdhus, styrketreningsøkter i gymsalen, basisskyting på Bygdastølen og langkøyring/sykkeltur til Strandvik/Håvik. Mange dyktige trenarar har bidratt og utøvarane har vore aktive, blide og nøgde. Motivasjonsforedrag med Liv Grete vart også svært godt motteke. Samlinga vart avslutta med terrengløpet «Vengsvatnet Rundt». Tusen takk til alle som har bidratt til ei flott samling!