Ingri til topps

06.04.2019 at 22:38

Liatoppen Skiskytterfestival 6.april: Gratulerer så mykje til Ingri Skjelbreid Gjelland som gjekk heilt til topps i klassen Jenter 12 år. Ho fekk ein bom men vann likevel 36 sekunder føre jenta på 2.plass. Eit flott løp.
Guro Femsteinevik var berre eitt sekund fra 1.plassen i klassen J15. Sjølv med 2 bom klarde ho ein flott 2.plass. Fantastisk for HIL å få 2 pallplassar i verdens største skiskyttarrenn.
Det vart også mange andre gode HIL-resultat under sprinten i dag: Kristoffer Haugse Rød (G15) og Kristi Skjelbreid Gjelland (J15) klarde kvar sin 11.plass. Alexander Aasvang Rød kom på 14 plass i klassen G 12. Strålande! På Liatoppen Skiskytterfestival tel klassane frå 50 til 80 deltakarar.

I morgon er det fellesstart for utøvarar f.o.m 13 år. Dei yngre går sprint. Lykke til alle saman! Me heiar då dykk!