Kjekk samling på Holdhus

15.09.2013 at 22:50

saml13HIL arrangerte kretssamling for 13-16-åringane på Holdhus i helga! Over 30 ungdomar frå ulike klubbar i Hordaland skiskyttarkrets hadde gode treningsøkter og trivelege aktivitetar saman. Det er viktig å bli kjent på tvers av klubbane og gjennom mykje god trening, gode måltid og gøy fritid vert ein godt kjent. Ungdomane verkar godt nøgde med helga og klare for ny sesong.
Tusen takk til alle som var med å hjelpe til på samlinga!