Dugnad og sikkerhetskurs

26.08.2013 at 22:11

Viktige datoar for dugnadar og sikkerhetskurs…..

 

1. Neste onsdag 28/08 blir det dugnad. Vi må luke skytebanen. Dvs. fjerne older som veks mellom standplass og skivene. I tillegg skal beholdarane på standplass tømmast for papir, plast og boss. Dugnaden starter klokka 17.00. Ein time før treninga begynner.

2. Det blir eit oppfriskande sikkerhetskurs for foreldre til utøvarar og utøvarar opp til og med 12 år (dvs dei som blir 12 år i 2015). HIL sine utøvarar fekk mykje skryt for oppførsel på standplass då dei var på samling på Beitostølen. Men ei oppfrisking av reglar og krav vil vere fornuftig. For foreldre eller besteforeldre som ikkje har delteke på kurset før, er dette ein god annledning til å få innsikt i sikkerhetsreglane. Kurset blir onsdag 4. september i samband med treninga som starter kl. 18.00

3. Det blir eit oppfriskande sikkerhetskurs for foreldre til utøvarar og utøvarar mellom 13 og 16 år. Her er det og litt fokus på transport av våpen og oppførsel når ein er på samling utan foreldre. Kurset blir mandag 9. september i samband med treninga som starter kl. 18.00

4. 13-16 åringane skal ha kretssamling på Holdhus 13 – 15 september. I samband med dette vil det bli dugnad for foreldre og utøvarar til denne aldersgruppa, torsdag 12/9 klokka 18.00. Tema er vedlikehold av standplass og klargjering før samlinga.

Sikkerhetskursa vert i utgangspunktet oppfrisking av dei gode rutinane vi har, men det vil og vere ein annledning for foreldre og andre som er usikre på reglane til å få ei innføring i våre rutinar.