Flott helg i Vik

21.01.2018 at 23:47

Denne helga gjekk Gla’laks cup nr. 5 og 6 av stabelen i Vik, og HIL stilte med 25 flinke utøvarar frå 8 til 24 år. Det er sosialt og kjekt å vere på tur med gjengen frå HIL og me takkar alle for ei flott helg! Mange gode HIL-resultat vart det også:
Rekruttane Guro Femsteinevik (J14) og Kristoffer Haugse Rød (G14) vann sine klassar både på sprinten laurdag og fellesstarten søndag. Sjå hovedbilde.
Andre som vann i helga var Alexander Rød (G11) og Hedda S Kåsa (J16), juniorane Maria Haugse Rød (K17) og Katarina Aarseth (J18), samt senior Martin Femsteinevik.
Ingri Skjelbreid Gjelland (J11), Kristi Skjelbreid Gjelland (J14) og Eirik Hjartnes (G16) klarde 2.plassen i sine klassar begge dagane.
Marcus L Andreassen (G13) klarde 2.plass laurdag og Thomas Aarseth (G14) 3.plass på fellesstarten søndag.

4 HIL-utøvarar fekk diamant for 10 treff: Thomas Aarseth, Guro Femsteinevik, Hedda S Kåsa og Øyvind Halvorsen.

Sjekk alle resultat frå helga her:
Laurdag: http://live.eqtiming.com/39331?sport=25-259-382&focusuid=39431

og
søndag:  http://live.eqtiming.com/39343?sport=25-259-382&focusuid=

Alle deltakarar i klassane jenter og gutar 13-16 år tel poeng for å gjere det best mogeleg samanlagt  i Gla’laks.cupen.
Heile 5 HIL-utøvarar ledar sine klassar etter at 6 av 9 teljande renn er over, det er:
Marcus L. Andreassen (G13), Kristoffer Haugse Rød (G14), Guro Femsteinevik (J14), Hedda S Kåsa (J16) og Eirik Hjartnes (G16).

Hedda S Kåsa har vore svært stabil på skytebanen denne sesongen, og ledar skytecupen.

Neste Gla’laks-cup er renn nr. 7 og 8 på Voss 10. og 11.februar.

Men før Gla’laks-cupen held fram så skal 13-16-årinane til Oslo og gå Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen. Det skjer neste helg; 27.-28.januar.
Lukke til alle saman!

Bilder frå ei flott helg i Vik: