Martin på pallen i IBU-cup i Italia

08.01.2017 at 14:09

Gratulerer så mykje til Martin Femsteinevik som vart nr. 2 på sprinten i Martell-Val Martello i Italia laurdag. Han skaut to fulle hus og gjekk raskt i sporet og kom i mål 44 sek bak vinnaren Loginov frå Russland og 39 sek føre tyskaren  Willeitner på 3.plass. Det gode resultatet på sprinten laurdag gav Martin eit flott utgangspunkt føre jaktstaten søndag. Martin gjekk nok eit strålande renn og kjempa om god pallplass gjennom heile jaktstarten. Til slutt enda han på 4.plass berre 16 sekund unna 3.plassen, skyteresultat 0-0-2-1. Martin gjorde det bra også torsdag då han kom på ein fin 14.plass.

Søster Ragnhild Femsteinevik har også gått IBU-cup i Italia denne helga. Ho kom på 42.plass under sprinten torsdag, 25.plass under sprinten laurdag og 31.plass under jaktstarten søndag. Laurdag var Ragnhild 2.beste norske jente, torsdag og søndag var ho 3.beste norske.

Du finn alle resultat frå IBU-cupen her: https://www.langrenn.com/resultater-ibu-cup-martell-alle-dager-2017.5942376-1743.html

img_9046-2