Flott 5.plass til Katarina

01.04.2016 at 23:32

15 – og 16 åringane er i helga på hovedlandsrenn på Bardufoss Skisenter i Målselv. HIL har 5 utøvarar med. Under normalprogrammet i dag var det Katarina Aarseth (J16) som gjorde det aller best av skiskyttarane frå HIL. Ho skaut 9 treff og gjekk bra i sporet og kom inn til 5.plass. Ein flott prestasjon, gratulerer så mykje! Me i HIL fylgjer spent med på alle HIL-løparane og ynskjer alle lukke til med sprint-distansen i morgon. For meir informasjon, resultat og anna sjå arrangøren si heimeside: http://www.hl2016.no/

Katarina Aarseth Foto : Ole Reidar Mathisen

Katarina Aarseth
Foto : Ole Reidar Mathisen