Finale i Gla’lakscup

20.03.2016 at 17:59

Det var svært god deltaking på sesongens siste renn i Hordaland Skiskyttarkrets, totalt 136 løparar var påmeldt til dagens KM-sprint på Bygdastølen. Publikum fekk sjå mange flotte prestasjonar frå små og store skiskyttarar, sjå resultatlister. Vinnarane av dei ulike klassane i årets Gla’laks cup (klasse 13-16 år) fekk også sine premiar  på Bygdastølen i dag. HIL fekk totalt 4 samanlagtvinnarar i årets cup, alle desse hadde max poengsum (50 poeng):

Gutar 14 år: Eirik Hjartnes

Gutar 15 år: Otto Femsteinevik

Jenter 16 år: Katarina Aarseth

Gutar 16 år: Erlend Solvang

Gratulerer med samanlagtsigeren til desse fire!

HIL takkar alle klubbane og løparane som stilte til start på Bygdastølen i helga. HIL vil også takka alle som stilte opp som funksjonærar, de gjorde alle ein kjempejobb !!

Resultatliste frå rennet i dag 20.mars 2016: LakseCup Finale Resultatliste

IMG_2525
Dei glade samanlagtvinnarane i flotte skiskyttergensarar frå Dale.

Fleire bilder kjem seinare.