114 dyktige deltakarar i dagens renn på Bygdastølen

19.03.2016 at 21:01

Det var mange gode løp i det siste teljande rennet i Laksecupen. 114 utøvarar frå 8 til 24 år stilte til start. 24 av desse var nybegynnarar (under 11 år). I klassane 11-16 år fekk HIL 5 vinnarar: Det var  Sarah Øygard Eide (J11), Anders Rød (G12), Eirik Hjartnes (G14), Otto Femsteinevik (G15) og Katarina Aarseth (J16). Solveig Eikeland Gjøen og Erlend Solvang klarde 2.plassen i sine klassar. Øyvind H Halvorsen (G 14) og Håvard Bjørndal (G16) kom på 3.plass i sine. I tillegg var det mange gode løp av dei lokale juniorane og seniorane våre. Det er 13-16-åringane som får poeng i cupen. Slik det ser ut no vil 4 av HIL sine utøvarar vinne sine klassar samanlagt denne sesongen. I morgon er det 133 påmeldte til kretsmeisterskap i sprint og finale på Bygdastølen. Etter rennet vil ein kåra samanlagtvinnarar og skytecupmeistrar. Resultat frå dagens renn og meir info om renna på Bygdastølen i helga finn du under «Laksecup Bygdastølen på HIL si heimeside.


2