Skiskyttarhelg på Bygdastølen

16.03.2016 at 19:58

Laurdag 19.mars og søndag 20.mars skjer det mykje på Bygdastølen. HIL arrangerer skiskyttarrenn som inngår i den lokale Gla’lakscupen (Hordaland skiskytterkrets). Laurdag er det siste teljande rennet i cupen og fleire av HIL sine løparar ligg an til å vinne samanlagt. I skytecupen ligg Katarina Aarset veldig bra an. Ho ligg berre 1 poeng frå han som ledar, Erling Finden frå Vik. Det blir mange spennande oppgjer. Det er kjekt om mange tek turen og heiar! Starten går kl 13.00 på laurdag og kl 12.00 på søndag. Det vert open kafè med mykje sunn og god mat. Meir informasjon om rennet (invitasjonar, løypelengder, arrangørlister, startlister m.m) finn du under fana «Laksecup Bygdastølen» på heimesida.

 

Fellesstart15.febr2015 037 Fellesstart15.febr2015 018 14.FEBR.2015 148 14.FEBR.2015 137 14.FEBR.2015 132 14.FEBR.2015 123 14.FEBR.2015 099 14.FEBR.2015 111 Liv Grete-sprinten 2 026

Bilder frå skiskytterrenn på Bygdastølen i fjor.