Gla`laks-sprint på Sjusete

22.02.2016 at 00:53

Under dagens sprint i Gla`lakscupen på Sjusete i Kvam gjorde HIL sine utøvarar det bra. Me gratulerer Sarah Øygard Eide (J11), Anders Rød (G12), Solveig Eikeland Gjøen (J12), Eirik Hjartnes (G14) og Katarina Aarseth (G16) med siger i sine klassar. HIL fekk også seks 2.plassar: Kristoffer Haugse Rød (G12), Kristi Skjelbreid Gjelland ((J12), Øyvind Halvorsen (G14), Hedda S Kåsa (J14), Otto Femsteinevik (G15) og Erlend Solvang (G16).  Marcus Andreassen (G11), Stine Halvorsen (J12) og Maria Haugse Rød (J15) kom på 3.plass i sine klassar.
I dag stilte også ein del av HIL sine juniorar + eit par seniorløparar på krinsrenn. Best i klassen Kvinner 20-21 vart Ingvild Berlandstveit, framfor Ragnhild Femsteinevik på 2.plass. Martin Femsteinevik og Trygve Vangsnes var også med, og fekk testa formen før NM/NC i Trondheim neste helg. Me ynskjer riktig lykke i Norgesmeisterskapet!!!
Sjå resultatliste frå dagen sprint på Sjusete her