Våt Laksecup

21.12.2015 at 12:40

Første renn i Laksecup gjekk i Myrkdalen søndag 20.desember. Det var kjekt å kome i gang med den lokale cupen til tross for vått vèr og lang veg heim (vegstenging ved Vinje). 31 utøvarar frå HIL var påmeldt og det vart mange gode HIL-resultat. Det er klassane 13-16 år som konkurrerer om poeng i cupen og HIL fekk 4 vinnarar i desse klassane: Hedda Singelstad Kåsa (J 14), Otto Femsteinevik (G 15), Katarina Aarseth (J 16) og Erlend Solvang (G 16). Sjå heile resultatlista her: Reseultatliste_laksecup1

Pga mykje regn vart det teke lite biler. Fint om dei som tok bilde sender nokre til karihjartnes@gmail.com , så lagar me eit lite slideshow.

indexS
Solveig Eikeland Gjøn skaut 10 treff og fekk diamant som bevis for 2 fulle hus!