Stipend til Bjarte Solvang

18.12.2015 at 22:15

Fusa idrettsråd sitt idrettsstipend for 2015 gjekk til skiskyttar Bjarte Solvang frå Hålandsdal idrettslag. Bjarte Solvang fekk tildelt idrettsstipendet på kr 10.000,-. Prisen er eit samarbeid mellom Sparebanken vest og Fusa idrettsråd som skal gå til utøvarar frå Fusa som er særskild talentfulle. I år var det ifølge Liv Nyheim Kilen gledeleg mange søkjarar til stipendet og Bjarte Solvang er ein svært verdig mottakar. Bjarte er i dag 23 år. Han har gått vidaregåande i Fusa der han har kombinert TAF og satsing på skiskyting medAnn-Elen Skjelbreid som trenar. I dag studerer han ved Universitet i Bergen samstundes som han satsar på skiskyting. Han har frå han var 8 år vore medlem i Hålandsdal idrettslag og dette året går han også for det nye regionale satsingslaget Team Gla’laks. Han har hatt jamn og god framgang over mange år. Bjarte hadde ein sterk sesong i 2015 med kongepokal og norsk meisterskap på sprintdistansen som senior. Han vann også sølv i NM med stafettlaget frå Hordaland. Bjarte Solvang takka for stipendet som vil koma godt med i ein idrett som krev sitt både av innsats og økonomiske midlar for å nå opp og fram. Stipendet er ein stor inspirasjon, sa Bjarte Solvang ved utdelinga onsdag.

Årets ærespris gjekk til leiar i Eikelandsfjorden idrettslag Richard Markhus. Stipend og pris vart delt ut under ei markering hjå Sparebanken Vest onsdag.
Fusa idrettsråd har stifta ein ærespris som skal gå til einskildpersonar som over tid har gjort ein særleg innsats for idretten som utøvar, idrettsleiar eller ressursperson.
Æresprisen for 2015 går til Richard Markhus for hans store innsats for Eikelandsfjorden idrettslag over mange år og for arbeidet i idrettsrådet. Han har vore ein viktig person for å få fleirbrukshallsaka ut av daudvatnet og han har vore ein primus motor for bygging av krøllgrasbane som sto ferdig til sommaren 2015. Ved tildelinga av prisen la leiar i idrettsrådet Liv Nyheim Kilen avgjerande vekt på at Richard er ein person som er lett å samarbeida med, både internt i idrettslaget, i idrettsrådet og med alle dei ein må samhandla med for å oppnå resultat, enten det er kommune eller næringsliv. I tillegg til ein eigen diplom fekk Richard Markhus eit gåvekort som ein del av prisen.
mottakarane spv