Terminliste og anna viktig informasjon

15.12.2015 at 20:10

TERMINLISTE SKISKYTING ER NO LAGT UNDER «ARRANGEMENT» / «terminliste».

Gule renn er renn i den lokale cup`en.

Orange renn er nasjonale renn er meir nasjonale renn.

–          Kvalfossprinten er for 13 – 16 åringar

–          Hovedlandsrennet er for  15 – 16 åringar

–          Bendit Liatoppen er for alle opp til og med 16 år.

 

Liatoppen er veldig spennande. Dette er verdas største skiskyttarrenn med over 1000 deltakarar. Dette er på mange måtar sesongens høgdepunkt ( vi får jo ferie etterpå…)

Som de ser skal Hålandsdal arrangere renn 24 januar og 19 mars. Då må vi foreldre belage oss på å delta som arrangørar. Meir info kjem om dette seinare.

 

For lokale renn er det normalt påmeldingsfrist onsdagen før helga det er renn. Dei som er usikre på korleis dei melder seg på tar kontakt med meg.

 

Vi har felles overnatting på renna i VIK og Liatoppen.

Me vil på treninga på onsdag gå gjennom rutinane for renna. Der får de info om når ein skal møte opp, kvar skal ein møte, rutinar for innskyting, startnummer mm.

 

Normalt er det slik at dei yngste startar med innskyting først og desse må då vere klare på standplass når innskytinga begynner.

HIL vil plukke ut personell som hjelper til med innskyting og vår lagleiar. Dette blir gjort etter påmeldingsfristen på onsdag.

Det blir smørjekurs for nybegynnarar under treninga på onsdag (det er smørekurs når de ikkje har skyting..)

 

I tillegg vil de før jul bli sendt ut arbeidslister for lysløyperenna 2016…

Desse går fast om tysdagar.

Det er no snø på Holdhus og om det ikkje får anna info vert det ski på treninga på onsdag 16.des.

 

AB