Junior-NM i Alta

27.02.2015 at 23:08

Denne helga er det junior-NM i Alta. 8 utøvarar frå HIL er reist nordover. Under normalprogrammet fredag var det mykje vind og det vart mykje bom på mange av utøvarane frå HIL.  Det var likevel nokon som klarte seg bra i vinden t.d. Ingvild Berlandstveit (K20-21) som fekk ned 17 av 20 blinkar, og gjekk inn til 7.plass. Thomas Netland klarte 14 treff i dag og vart nr. 13 i klassen Menn 20-21. Trygve Vangsnes skaut også veldig bra. Han skaut 17 treff. Det heldt til ein fin 35.plass i klassen Menn 19. For alle resultat sjå http://juniornm2015.no/ Laurdag er det sprint. Lykke til HIL!
Th og Ing