Klubbrenn søndag 7.februar

06.02.2016 at 15:26

HIL inviterer til klubbrenn i skiskyting på Bygdastølen søndag 7.februar. Innskyting 13.00 og start 14.00.  Sprint for dei under 13 og fellesstart i puljer for resten. Påmelding på stadion fram til 13.30.

6.plass til Ingvild i Norgescup i Mo i Rana

05.02.2016 at 20:24

Denne helga er det Norgescup i Mo i Rana. Berre 2 HIL-utøvarar er med. Ingvild Berlandstveit gjekk ein solid fellesstart i dag! Ho skaut 19 treff og kom på 6.plass i klassen Kvinner 20-21. Strålande! Bjarte Solvang gjekk raskt i sporet som vanleg. Trass 6 strafferundar kom han på 15.plass […]

Karusellrenn avlyst

02.02.2016 at 15:28

Det er kome mykje regn det siste døgeret. Løypene på Holdhus er desverre for dårlege til at det går an å arrangere karusellrenn i dag.

Ny fin dag i Holmenkollen

01.02.2016 at 02:03

Søndag var det normalprogram på Kvalfossprinten og det vart nok ein flott dag for HIL! Eirik Hjartnes (G14) kom på 4.plass med 8 treff, og på grunn av 1.plassen laurdag vart det samanlagtsiger og Vandrepokal. Stor stas! Erlend Solvang skaut 2 fulle hus søndag og suste inn til ein flott 19.plass […]

Eirik vann i Holmenkollen

30.01.2016 at 17:59

Denne helga er HIL sine skiskyttarar i alderen 13-16 år i Holmenkollen og går Kvalfossprinten. Me gratulerer Eirik Hjartnes som skaut 9 treff og gjekk heilt til topps på lista i klassen Gutar 14 år. Det var fleire HIL-løparar som skaut godt under sprinten i dag. Katarina Aarseth og Håvard Bjørndal […]

Ingen snø, ingen karusellrenn

26.01.2016 at 17:22

Det er ikkje snø i løypene på Holdhus tysdag 26.januar, og dagens karusellrenn går derfor ut.

Hugs påmelding Liatoppen!

25.01.2016 at 22:13

For dei som skal til Liatoppen skiskytterfestival: HUGS: Påmeldinga opnar tysdag 26. januar 2016 kl 10.00. Les om korleis påmeldinga fungerer her: http://liatoppenskiskytterfestival.no/pamelding/

Sølv til Martin, Bronse til Bjarte

24.01.2016 at 20:05

Det vart strålande HIL-resultat under Norgescupen i Markane i Stryn i helga. Martin Femsteinevik gjekk inn til ein sterk 2.plass på normalen laurdag (skyteresultat: 0-1-1-0). Bjarte Solvang skaut to fulle hus, gjekk raskt i sporet og klarde ein flott 3.plass under sprinten søndag.  Begge går i seniorklassen. HIL gratulerer med […]

Klubbrenn avlyst!

23.01.2016 at 23:27

Det vart for mykje mildvêr og regn utover dagen og kvelden på laurdag og det er vatn i løypene. Det er derfor ikkje mogeleg å arrangere klubbrenn på Bygdastølen som planlagt. Me prøver oss igjen med klubbrenn når det kjem snø og nye muligheter.

Laksecup nr. 5 avlyst søndag 24.januar.

23.01.2016 at 13:44

Det er dessverre ikkje gode nok forhold til å arrangere Laksecup nr 5 på Bygdastølen imorgon. HIL vil prøve å arrangere dette rennet i mars i samband med oppsatt renn på Bygdastølen 19.-20.mars-helga. MEN me arrangerer klubbrenn på Bygdastølen imorgon, så alle lokale løparar og andre som har lyst er […]