Bra HIL-innsats på Geilo

25.11.2013 at 00:08

I helga var det Sparebank 1 Cup på Geilo. Dette rennet er for mange av 13-21-åringane det fyrste rennet for sesongen. Det var nydeleg vèr og gode forhold, trass ein del vind. For HIL sine juniorar kan me nemne at Ingvild Berlandstveit gjekk heilt til topps og Thomas Netland vart nr.2 i sine klassar laurdag.
Det var gode takter også på 13-16-åringane. Mange av dei hevda seg langt oppe i gode og store felt og alle såg ut til å vere godt nøgd med at sesongen endeleg var i gong. Otto Femsteinevik i klasse Gutar 13 år kom på 2.plass på sprinten laurdag.
Martin Femsteinevik, som no går i seniorklassen og gjekk DNB-cup på Geilo denne helga, gjorde eit fantastisk bra løp søndag og enda opp på ein sterk 9.plass. For alle resultat sjå Geilo Idrettslag si heimeside www.geiloil.no