2 x GULL i NM

19.09.2021 på 19:53

Gratulerer til Guro Femsteinevik som vann både sprint og fellesstart i NM i rulleskiskyting på Lillehammer i helga! Guro går i juniorklassen Kvinner 18. 

Storesøster Ragnhild og storebror Martin gjorde det bra i seniorklassane; 4.plass til Ragnhild og 7.plass til Martin på fellesstarten i dag! Lover godt for vinteren. 

Sterke prestasjonar også for andre spreke HIL-utøvarar:

Gratulerer til Kristoffer Haugse Rød (M18) som knuste til med ein flott 8.plass på sprinten lørdag. 

Sjå elles alle resultat på eqtiming.no