Heihiller Opp og Årsfest i HIL

30.05.2021 at 22:05

I dag var ein strålande dag for rulleskirenn og utandørs koronavenleg årsfest. Då dei superspreke HIL-utøvarane kom i mål på parkeringsplassen til Bygdastølen ski – og tursenter, vart det pizza, brus og is til alle. Det vart også hyllest til dei flinke trenarane (Arnt Ove, Arild, Oddbjørn, Ann Elen og Ståle) og dei dyktige løypekøyrarane på Bygdastølen (Rune, Leif, Arne, Jostein, Gitle og Jarle). Tusen takk for innsatsen alle saman! Til tross for korona, har det vore mykje god aktivitet i anlegga i Hålandsdalen også denne vinteren. 

Her er resultatliste frå rulleskirennet (9-12år: frå Sago, 13-20år: frå Solvang):
https://live.eqtiming.com/56869#result