Junior-NM og Senior-NC

08.03.2020 på 22:42

I helga har det vore NM for junior og NC for senior i Folldal i Østerdalen. Gratulerer til Ragnhild Femsteinevik som vann sprinten og kom på 3.plass på fellesstarten! Gratulerer også til Martin Femsteinevik som kom på 3.plass på sprinten. Junioren Maria Haugse Rød skaut feilfritt på alle fire skytingane på fellesstarten fredag og gjekk då inn til ein flott 8.plass. Det var elles god innsats av alle dei 6 HIL-utøvarane som var med. Søndag var det NM Junior Stafett, mange gode stafettetapper for Hordaland. Sjå alle resultat på eqtiming.