2 pallplassar til bursdagsbarnet

16.02.2020 på 22:32

Martin Femsteinevik (som fyller 26 år i dag!) sanka heim to andreplassar i NM / NC på Dombås i helga. Gratulerer Martin!

Søster Ragnhild Femsteinevik kom på 5.plass på sprinten. 

Av juniorane så var det Maria Haugse Rød som gjorde det best av HIL-løparane. Ho skaut nok ein gong feilfritt, og med det så sikra ho seg ein fin 14.plass på sprinten laurdag.

Søndag var det stafett og Martin gjekk for Hordaland SSK 1 saman med Voss-skiskyttarane Une Kvelvane og Arild Fosse. Dei kom på ein flott 5.plass. 

Alle resultat finn du på https://www.eqtiming.no/