HL-stafettar

17.02.2019 at 23:55

Oppdal 17.febr: Jentene frå Hordaland gjorde det svært bra under stafetten på Hovedlandsrennet søndag. Kristi Skjelbreid Gjelland gjekk fyrste etappe og veksla aller fyrst, Tiril Ure Totland gjekk ein god andre etappe, og Guro Femsteinevik sikra Hordaland 2.plass av totalt 12 lag. Gratulerer så mykje! Stine Henanger Halvosen gjekk på eit mix-lag Hordaland/Møre og Romsdal, og dei vart nr. 1 av 4 lag. 

Gutane fekk litt mykje bom på dei fyrste etappane under dagens stafett, men Kristoffer Haugse Rød gjekk ein flott siste etappe og gjekk laget opp frå 19.plass til 13.plass. I denne klassen (Gutar 15/16) var det totalt 29 lag med.

Sjekk gjerne ut meir ifo om HL på arrangøren si heimeside: https://hl2019.no/