Vis omsyn i skiløypene.

02.02.2019 at 11:15

Hålandsdal IL er svært glade for å sjå at så mange finn vegen ut på ski i dei oppkøyrde skiløypene i Hålandsdalen. 

Det vert lagt ned utallege timar med dugnadsarbeid for å halde løypene på Holdhus og Bygdastølen oppkøyrd så sant vèrforholda tillèt det. For at me skal klare å legge til rette for best mogeleg forhold, er me avhengig av at alle brukarar viser omsyn til dei oppkøyrde løypene med tanke på ulik bruk, vèr og føreforhold. Me oppmodar særleg dei som ferdast til fots om å gå langs ytterkanten av løypa, då djupe fotspor til tider er vanskelig å fjerne i samband med løypekjøringa.

HIL