Fantastisk sesongavslutning av Martin

09.04.2018 at 19:26

NM, menn Senior: Martin Femsteinevik gjekk ein fantastisk fellesstart under NM på Lillehammer søndag. Med fullt hus på alle fire skytingane og god fart i sporet låg han på 1.plass gjennom store deler av løpet. Til slutt enda Martin på ein sterk 4.plass, berre 24 sekund bak vinnar Bjøntegaard.  Martin har hatt ein solid sesong, og vann samanlagtsigeren i Norges-cupen for Menn Senior med god margin. Gratulerer så mykje!!!

Også Ragnhild Femsteinevik gjekk ein bra fellesstart søndag. Ho skaut 18 treff og enda på ein flott 7.plass i klassen for Kvinner Senior.

HIL er imponerte og stolte over nivået som HIL-utøvarane held i konkurranse med dei beste i landet, og gler oss til å fylgje dykk alle vidare.

IMG_2052 martin 4plass i nm 20180409_195333 20180409_195308