Siger til Bjarte og Ragnhild i norgescup for senior

03.02.2018 at 22:56

For ein dag! Under NM-Junior og Norgescup-Senior på Simostranda vart det ein strålande dag for HIL.
NC: Bjarte Solvang skaut feilfritt og vann klassen Menn Senior. Ragnhild Femsteinevik skaut også to fulle hus og vann klassen Kvinner Senior. Gratulerer så mykje begge to!
Martin Femsteinevik fekk ein bom i dag, men klarte likevel 4.plassen i herreklassen under dagens sprint.
Heidi Berlandstveit skaut 10 treff og kom på 7.plass i kvinneklassen.
NM: Av juniorane var det Erlend Solvang som gjorde det best i dag. Han kom på 12.plass i klassen Menn 18 år, etter 10 treff og god fart i sporet. I same klasse gjorde Håvard Bjørndal det bra; 9 treff og 32.plass.
Gårsdagens bronsevinnar i klassen Kvinner 18 år Katarina Aarseth fekk i dag litt mange bom, men klarde likevel 25.plass. Maria Haugse Rød (K17), som kom på ein flott 14.plass under fellesstarten i går, fekk i dag 9 treff og kom på 17.plass.
I morgon er det stafettar i Junior-NM. Det blir spennande! Me heiar på alle HIL-utøvarane og alle Gla’lakser!