2 pallplassar på Liatoppen søndag

02.04.2017 at 22:28

Gratulerer så mykje til Guro Femsteinevik som vann klassen Jenter 13 år og Eirik Rød som kom på 3.plass i klassen Gutar 11 år. Fantastisk flott med 2 pallplassar til HIL i desse store og gode klassane på Liatoppen Skiskytterfestival. Av andre som kom høgt opp på listene på fellesstart i dag må me nemne 12.plass til Kristi Skjelbreid Gjelland, 16.plass til Anders Rød, 19.plass til Maria Haugse Rød, 24.plass til Øyvind Henanger Halvorsen og 26.plass til Eirik Hjartnes. Solveig Eikeland Gjøen og Stine Henanger Halvorsen gjorde også knallgode løp i klassen Jenter 13 år, og til tross for litt bom på gutane i 13-årsklassen gjekk Kristoffer Haugse Rød, Thomas Aarseth og Kyrre Hjelm Hatletveit veldig bra. Otto Femsteinevik låg strålande an etter halvgått løp, men bomma desverre mykje på siste skyting, slik at han falt litt på listene. Slik kunne ein fortsette å fortelje om god innsats blant alle HIL-utøvarane. Både skiskyttarane og støtteapparatet gjorde ein flott innsats på sesongens siste renn. Takk for ei flott helg alle saman!

Her er bilde av Guro og Eirik på pallen:
image1 IMG_2598

Og her ser de bilde frå ei flott helg på verdas største skiskyttarrenn: