Stafettsølv på Liatoppen

31.03.2017 at 16:25

HIL sitt stafettlag i klassen Jenter 13-16-år gjorde det sterkt i dagens stafett på Liatoppen Skiskytterfestival på Ål. Gratulerer så mykje til Maria Haugse Rød, Hedda Singelstad Kåsa og Guro Femsteinevik. Dei gjekk strålande etappar alle tre og det førte dei heilt opp på 2.plass av i alt 33 lag i den klassen.

HIL stilte med 2 gutelag i 13-16-årsklassen. Otto Femteinevik, Eirik Hjartnes og Anders Rød kom på 9.plass av 55 lag.
Øyvind H Halvorsen, Kristoffer Haugse Rød og Thomas Aarseth kom på 23.plass i samme klasse.

13-åringane Kristi Skjelbreid Gjelland, Solveig Eikeland Gjøen og Stine H Halvorsen kom på 24.plass i klassen for jenter frå 13 til 16 år.

11 og 12-åringane klarte seg også bra på stafetten. Eirik Rød, Marcus Andreassen og Marcus Pedersen Johansen kom på 16.plass, Andreas Aarseth, Jonas Håland og Daniel Eikeland Gjøn kom på 18.plass.

Super innsats på stafettane i dag!

Sjå alle resultat her: http://www.liveresultater.no/livesider/livesenter.php?arr=584

IMG_0519
Maria, Hedda og Guro kom på 2.plass i klassen Jenter 13-16.

IMG_2047IMG_2044Sølvjentene vart hylla under opningsshowet fredag kveld.

IMG_0510
Kristi, Stine og Solveig kom på 24.plass i same klasse.

IMG_0494
Otto,Eirik og Anders klarde 9.plassen i klassen Gutar 13-16.

IMG_0528 IMG_0448
23.plass til tøffingane Øyvind, Thomas og Kristoffer i klassen Gutar 13-16 år.

Hålandsdal Idrettslag stiller med 26 utøvarar på verdas største skiskyttarrenn på Ål denne helga. Fredags kveld skal dei spreke nybegynnarane våre gå, og i morgon er det individuelle renn for alle klassar. Me ynskjer alle lukke til! Følg med på http://liatoppenskiskytterfestival.no/