Gode prestasjonar i rulleski-NM i Vik

25.09.2016 at 21:18

I helga var det Rulleski-NM i Vik i Sogn. Laurdag var det sprint og søndag var det jaktstart. Seniorløpa vart sendt på TV2 Sportskanalen, og dei var svært spanande å fylgje med på. Martin Femsteinevik som gjekk ein sterk sprint laurdag (5.plass) gjekk ut berre 23 sekund bak 1.mann på jaktstarten søndag. Etter 5 treff på 1.skyting gjekk Martin rett i tet, og held seg der heilt til 2.skyting. Det var mykje vind og vanskelege skyteforhold, og Martin fekk litt for mange bom til å halda seg heilt i teten, men enda opp på ein flott 7.plass.
Fleire av jentene i seniorklassen gjekk seg oppover på lista frå sprinten til jaktstarten. Ragnhild Femsteinevik klatra frå 14.plass laurdag til 7.plass søndag og Heidi Berlandstveit gjekk seg opp frå 15.plass på sprinten til 11.plass på jaktstarten. Mange gode seniorløp!
Juniorane var også i sving og aller best resultat vart det på Katarina Aarseth. Ho skaut godt i vinden i dag og klatra frå 14.plass på sprinten i går til 8.plass på jaktstarten i dag. Erlend Solvang skaut også godt i dag og enda til slutt på ein fin 17.plass på jaktstarten. Katarina og Erlend er 1.års-juniorar, så det er sterkt gjort av dei å skyte heile 15 treff i dei vanskelege forholda som var i Vik søndag.
Meir info og fleire resultat frå NM i helga finn du på arrangøren si heimeside: http://nmrulleskiskyting2016.no/
img_90671